Vetlemyrane

 

Gardsturisme

Vetlemyrane

Me som bur på Vetlemyrane.

Vertskapet Liv og Even bur fast i hovudhuset i tunet saman med tre av dei fire borna, Torstein (f. 1989), Johannes (f. 1993) og Astri (f. 1997) Eldste guten, Knut Endre (f. 1986) studerar og bur på hybel i Bergen, og er berre heime nokre helgar og i feriane.

Tunet på Vetlemyrane ligg fritt og fint ca 180 moh. Frå tunet er det flott utsikt mot fjella i Fyksesundet, og mot sørvest ser me eitt gløtt av fjorden og fjella ytst i Hardangerfjorden.
Tunet vårt vart bygt opp i løpet av 2005 og 2006, på den plassen me alltid har kalt Hagen på Vetlemyrane. Tidlegare hadde me hus og løe midt i Øystese sentrum. Stabburet, Gamlestovo og Sveitserhuset er alle gamle tømra hus som er flytta frå Øystese. I hagen stod det opprinneleg berre ein gamal vårflor.

Garden, ein husmannsplass frå 1650, har vore dreve av Even sin familie sidan tippoldefar hans fekk bygsel på plassen i 1866. Han dyrka mykje av jorda rundt tunet vårt, og hadde tre kyr.


I fjøset Sau

Me har 50 vinterfôra sauer som lammar i tida frå ca 20. april til 10. mai. I denne tida er det heile tida mykje som skjer i fjøset. Frå midten av juni til midten av september er sauene i fjellet. Då treffer vi dem ofte på i nærleiken av ein av stølane, og me er ofte ein tur for å se etter dei. Om sommaren har me også alltid nokre sauer og lam som går heime. Då har me også hatt kalkunar.
Gjeterhunden vår Hera er til god hjelp når vi sankar sauene om hausten, eller når me flytter dei til nye beite.
Blakken er ein stødig fjording. Me nyttar han mest som ridehest, og det er Liv og Astri somAstri på ridetur er dei ivrigaste ryttarane. Har du lyst på ein ridetur, kan me ordna det.