Velkomen til gardsferie på Vetlemyrane
De er velkomne til å bu i Gamlestovo på tunet. Vetlemyrane ligg
fredeleg til 2,5 km frå Øystese i Hardanger, om lag 1,5 time frå Bergen
med buss eller bil. Her ynskjer me velkomen til ein triveleg ferie tett
på naturen i eit vakkert kulturlandskap. Storslått natur omkransar tunet,
og her er store moglegheiter for varierte og gode friluftsopplevingar.
Vetlemyrane,Vertskap
Even Øyri og Liv Lyngstad,
Soldalsvegen.30, 5610 Øystese
e-post: send epost skjema
mob. 951 31 358
