Gamlestovo feriehus

– overnatting med historisk atmosfære

Gamlestovo er ei lemstove frå tidleg 1800-talet. Det eldste tømmeret i Gamlestovo har vore nytta oppatt og er truleg eldre. Gamlestovo er fullt restaurert og godt utstyrt som feriehus. Vi leier ut Gamlestovo heile året. Gamlestovo ligg i tunet. Her finn de sitjeplassar, leikeplass for ungar, kjøkenhage og blomebed og mange aktivitetar og turmoglegheiter i nærområdet.

Stove

TV, radio. Spisebord med plass til 10. Sofakrok, Vedomn i tillegg til el-oppvarming

Kjøkken

El-komfyr, steikeomn, kaffetraktar, kjøleskap, oppvaskmaskin, vaskemaskin. Fullt utstyrt med servise, kokekar, handkle, klut, såpe med meir

Soverom

3 soverom. 2 doblesenger, 7 sengeplassar i alt + en babyseng. Det er dyner og puter og reine sengekle i sengene

Bad

Med varmekablar og dusjhjørne, handkle, hårfønar

Uteplass

Uteplass med bord og stolar, grill

Om huset

Saman med dei andre husa i tunet vart Gamlestovo flytt frå Øystese sentrum til Vetlemyrane i 2015.

Då me restaurerte gamlestovo ynskte me å bevare det gamle preget på huset, samtidig som huset skulle ha moderne fasilitetar og komfort.

I fyrste etasje er det stor stove, kjøkkenkrok, soverom m/ dobbeltseng og bad m/ varmekablar og dusjhjørne. I andre etasje, på ”lemmen”, er det eit familierom med ein dobbeltseng, ein enkeltseng og babyseng. I tillegg er det to sengar i ein mellomgang.

I alt er det 7 sengeplassar.

Prisar

I sesong:
Frå 1/5 til 1/10:
kr. 1100,- pr natt for inntil 2 personar, kr. 200,- pr person og natt utover dette.

Utanom sesong:
Frå 1/10 til 1/5: kr. 900,- pr natt for inntil 2 personar. kr. 200,- pr person utover dette.

Inkluderar: sengkle og handkle, oppvarming, wifi, elektrisitet
Utvask kr. 600,- kjem i tillegg.