Om oss

Liv og Even har vore vertsskap på Vetlemyrane sidan 2006. Då var tunet på Vetlemyrane heilt nytt, bygd opp med hus flytta frå eit eldre tun i Øystese sentrum, og med ny fjøs til sauene. Livet på Vetlemyrane er det gode livet for oss. Her bur vi tett på naturen og kan følgje med på skiftingane i årstidene, vær og vind. I tillegg til gardsdrifta arbeider vi begge i verksemder knytt til landbruksnæringa. Vi trivst godt med folk på tunet, og ynskjer alle gjestene våre ei god oppleving.

God lokalkunnskap

Vi har god lokalkunnskap, og kan gje gode råd og informasjon om attraksjonar, opplevingar og fine turar i skogen og i fjellet. I helger og i feriar treffer du ofte ein av dei vaksne sønene våre eller dottera vår i tunet saman med familiane sine. Dei bur andre stader, men tek ofte ein tur til Vetlemyrane.

Når vi skal slappe av, tek vi gjerne ein tur til skogs eller til fjells, både til fots og på ski. Vi likar oss tett på naturen, og den beste roen finn vi i stølsveggen ein sommarkveld, eller på ein fjelltopp med utsyn over heile Hardangerfjorden.

Tradisjonsrik gardsdrift

På Vetlemyrane legg vi vekt på å ta vare på kulturminna, historia og tradisjonen knytt til gardsdrifta. Det gamle kulturlandskapet med beite og slåttemark er ein flott ramme rundt tunet, og kvart år vert dei bratte bakkane slått med ljå og tohjulsslåmaskin. Kvar vår fører vi sauer og lam til fjellbeite i Øystesefjella. Vi har tilsyn med dei heile sommaren, og i september hentar vi dei ned til bygda igjen.

I tillegg til dei 100 sauene, har vi to hundar på tunet. Border colliane Jara og Scott har Liv trena opp til å gjete sauer. Dei er til god hjelp når vi skal flytta saueflokken frå det eine beitet til det andre. Vi har også nokre ammekyr av rasen Belted Galloway.

Tilbakemeldingar frå gjestene våre