Aktivitetar i nærområdet

I nærområdet er det mange moglegheiter for varierte og gode opplevingar, både ved Hardangerfjorden og i fjellet. Vi hjelper dykk gjerne med aktivitets- og turforslag, tilpassa dykkar ynskje.

Lokalt i Kvam

Kvam Turistinformasjon
Kvam Herad ligg midt i hjarte av Hordaland og Hardanger, omlag ein times køyretur aust for Bergen. Her kan du nyta fjord, fjell og det beste Hardanger kan by på av natur, kultur og historie. På nettsidene visitkvam.no, finn du god informasjon om aktivitetar og opplevingar i Kvam.

For kulturinteresserte kan Kvam by på:
Kunsthuset Kabuso/Ingebrigt Vik Museum
Kabuso ligg Øystese sentrum, 2,5 km frå Vetlemyrane gard. Det er eit levande kunsthus med skiftande utstillingar, eit rikhaldig program for arrangement, aktivitetar for born og unge, ulike filmar, eigen kafé med lokale produkt og heomelaga kaker og gåvebutikk. Skulptursamlinga til den lokale kunstnaren Ingebrigt Vik, fødd i Øystese og lysverket Hardanger Skyspace av James Turrell er også ein del av tilbodet.

Hardanger Fartøyvernsenter
I nabobygda Norheimsund, ein liten mil frå Vetlemyrane, ligg Hardanger fartøyvernsenter, eit levande fartøyvernsenter. Museet legg vekt på at gjestane skal få sjå handverkarane i arbeid. Det luktar av friske materialar, tjære, tau og glødande smijarn. Alle verkstadane (smie, reiparbahn, båtbyggjarverkstaden og restaureringsverft) er ope for besøkande. Som gjest kan du prøva dine eigne ferdigheiter i små verkstader. I tillegg finn du butikk og kafé.

Opplevingar og attraksjonar

Hardangerbadet
Hardangerbadet ligg vakkert til midt i Øystese sentrum med flott utsikt til fjorden og isbreen Folgefonna. Her er det 25 meters treningsbasseng, 3 meter stupetårn, vassklie med fjordutsikt, familiebasseng med plaskekulp og spruteleikar, klatrevegg og motstraumskanal. Itillegg har dei også sauna og terapibasseng.

Hardanger Golfklubb
Banen til Hardanger Golfklubb ligg idyllisk plassert på Børve, 5 km frå Vetlemyrane med flott utsikt over Hardangerfjorden, folgefona og fjella. Banen har 6 hol og drivingrange på 200 meter.

Hardangerfjord Adventure
Opplev fjord, fossefall og stupbratte fjellsider saman med engasjerte og erfarne guider, Hardangerfjord Adventure tilbyr fjordsafari med RIB, guida turar og aktiviteter i Hardanger.

Spildegarden – smaking på eplesider
Spildegarden ligg i Øystese sentrum. Her kan du møte Eplebudeia eller Eplebonden til ei informativ, humoristisk og velsmakande vandring i eplesider si verd. Her kan du få smake på eit utval Spildesider medan du får historiar fra garden, om eplesortane og sideren.  Farge, duft og smak vert vurdert. Du får ei lett innføring i produksjonsmetodar og kva for mat dei ulike sidrane høver til. Om du ynskjer kan sideren bytast ut med varierte alkoholfrie Spildemostar.

Steinsdalsfossen
Steinsdalsfossen er ein av Noregs mest besøkte fossar, og ligg om lag 15 km frå Vetlemyrane. Steinsdalsfossen har eit fall på 50m og er spesiell fordi du kan gå på baksida utan å verta våt. Fossen oppstod i 1699 som følgje av at elva endra løp. Det går sti frå parkeringsplassen og opp under fossen, ein fin liten spasertur.

Gullfiskavatnet
I Gullfiskvatnet kan du mate ”Gullfisk”! Gullfisken er gullvederbuk, sett ut i Skårsvatnet i 1914. Fin raste- og badeplass. Gullfiskvatnet (Skårsvatnet) ligg 2 km frå Vetlemyrane, på fylkesvegen til Porsmyr/ Fyksesund.
Fotturar i skog og mark/ Fjellturar/ Bær- og sopplukking
Ein treng ikkje reise langt frå Vetlemyrane for å finne flotte turalternativ. Ein kan velje mellom korte og lange, tyngre eller lettare turar. Følg linken over for meir informasjon om dei ulike turane og spør oss gjerne om du skulle vera i tvil.

Dagsturar i nærområdet

Trolltunga
Den unike steinformasjonen Trolltunga henger 700 meter over Ringedalsvannet i Skjeggedal og rager horisontalt ut fra fjellet 1100 meter over havet.Ytterst på fjellhylla kjennes det nesten som man svever mellom himmel og hav.

Bergen
Velkomen til Bergen, ein gamal by med eit ungt sinn. Ein by med føtene i sjøen, hovudet i skyene og hjarta på rett plass, full av smittande Bergens-begeistring som meir enn gjerne delast med besøkjande.

Folgefonni Breførarlag
Folgefonni Breførarlag AS driv, som namnet seier, breføring på Folgefonna, den tredje største breen i Noreg. Folgefonni Breførarlag har base i Jondal, men arrangerer turar på heile Folgefonnhalvøya. Hovudsesongen er frå kring 1. mai til kring 1. oktober, med hovudvekt på skiturar fram til St. Hans og breturar etter den tid.

Folgefonn Sommarskisenter
FONNA Glacier Ski Resort ligg på nordsida av Folgefonna 1200 m.o.h. i hjarta av Hardanger. Det 1100m lange skitrekket som kan transportera 1200 pers. i timen, har ein høgdeforskjel på 250m. Sommerskisenteret tilbyr alpintløyper, freestylepark, langrennsløyper og guida trugeturar. Somarsesongen startar 1.mai og sluttar 31.august.

Hardangervidda Natursenter
Lokalisert i Eidfjord og er eit moderne natur- og kulturhistorisk opplevingssenter. Dei byr på tre etasjar med spennande utstillingar, dioramaer, interaktive stasjonar, utradisjonelle akvarium, temavideoar og illustrerande plansjetekstar. Dei er eit autorisert nasjonalparksenter for Hardangervidda og formidlar kunnskap og opplevingar om geologi, botanikk, glasiologi, zoologi, arkeologi og ornitologi. Deira nyskapande formidlingsteknologi er ei oppleving for hele familien.

Baroniet i Rosendal
Baroniet Rosendal var eit baroni i noværende Kvinnherad kommune i Hordaland. Baroniet var Noregs einaste og blei oppretta i 1678 av kong Christian V av Danmark-Noreg. Det driftast i dag som eit levande museum med omvisingar, konsertar, foredrag, teater, kunstutstillingar, overnatting og servering.

Norway in a nutshell
Turane til NIN er tilrettelagt for at du skal kunne reise på eigahand. For å gjera det enkelt, har dei lagt opp til gode forbindingar i sine rutetabellar. Ein fleksibel billett gjer at du kan stoppa undervegs og nyta nokre ekstra dagar der du måtte ynskja det. Fjord Tours ynskjer å ta vare på miljøet, difor nyttar dei offentlig transport på sine turer.

Den Norske Turistforening/Kvam Turlag
Den Norske Turistforening (DNT) er Noregs største friluftslivsorganisasjon med over 250.000 medlemmer. Organisasjonen består av 57 medlemsforeninger med tilknytta lokallag. DNT arbeidar for å framme eit enkelt, aktivt, allsidig og miljøvennleg friluftsliv og for å bevara natur og kulturverdiar. Klikk på tittelen over og finn turar i nærleiken.

Vinteraktivitetar

Furedalen
Omlag 30 min frå Vetlemyrane. I Furedalen er det 2 store skitrekk på hver 950m og et barneskitrekk med tilsyn i skjermet område. Det er 6 alpinbakker med til sammen 7.7km lengde, flere vanskelighetsgrader. I tillegg til alpint, egner anlegget seg svært godt for brett og telemark. For de minste er det egen akebakke. Skikro og varmestue er åpne når anlegget er i drift. Skiutleie med godt utvalg i alpinski, brett og noen turski.

Eikedalen
Omlag 35 min frå Vetlemyrane. Eikedalen Skisenter byr på 7 ulike heisar som tar deg til eit breit utval løyper. I tillegg finn ein varmestove med kaféteria, skiutleige og skiskule for ulike nivå. Følg linken over for meir informasjon om opningstider og snørapport.

Sjusete Skisenter
Omlag 15 min frå Vetlemyrane. finn du Sjusete Skisenter. Kilometer på kilometer med preparerte løyper til deg som er glad i å gå på langrennski.