Opplevingar på garden

Når du bur på Vetlemyrane kjem du tett på gardsdrifta, med ulike aktivitetar gjenno heile året.

På garden er det nokre ammekyr, sauar og hundar. Om de ynskjer kan de vere med oss å stelle dyra, eller de kan vere med når vi ser til dyra på beitet. Hundane er lært opp til å gjete sau, og som oftast er dei med oss. Tunet på Vetlemyrane er staden for avslapning og kos. Her er det plenar, blomebed og sitjeplassar med bord og stolar.

Hels på sauene

Vi har om lag 95 sauer og du kan vere med oss i fjøset når vi fôrer dyra. Om du er her mellom 20. april og 10. mai kan du få oppleve lamminga. Då kjem rundt 200 lam til verda på Vetlemyrane. Det er liv og røre i fjøset, og kjekt å sjå lamma som hoppar og sprett. Om de har lyst kan de få halde og kjæle med lamma. I mai slepper vi alle sauene og lamma ut på beitene rundt tunet. Vi ser etter dei kvar dag, og du kan vere med på ettersyn. Vi har som regel noko godt med til sauene, og dei et gjerne av handa vår. Om sommaren går dei aller fleste dyra på beite i fjellet, men ein liten flokk beiter i nærleiken av tunet.

Leikeplass for ungar

På Vetlemyrane har vi leikeplass for ungane med sandkasse, huskestativ, trøtraktorar og dokkestove. Alle ungar på tunet er velkomne til å leike her.

Gjeting med hund

Vi har to gjetarhundar, Jara og Scott, som vi brukar når vi flytter sauene frå det eine beite til detandre. Hundane er godkjente som gjetarhundar, og om sommaren kan dere få sjå på trening eller vere med når vi flytter sauene. Vi fortel gjerne om korleis hundane vert trent og kva instinkt dei har som gjer at dei høver som gjetarhundar.

Båt på Fitjadalsvatnet

I enden av Fitjadalsvatnet, 5 km frå Vetlamyrane, har vi naust med robåt, som gjestar på garden kan leige. I Fitjadalsvatnet kan du fiske etter ørret. Vi lånar ut fiskeutstyr. Naustet har ein fin terrasse, der det er fint å spise mat, grille eller bare slappe av i ettermiddagssolen.